Om oss

ALL VERDAS gåver og bruksting er ein nettbutikk og ein fysisk butikk som ligg på Nesflaten i Suldal kommune.  Her er varer du ikkje finn i  andre butikkar. Butikkeigar Wenche Haugen Havrevoll har eigen import direkte frå Nepal og fleire andre land. Vareutvalet her i nettbutikken er ganske stort, men der er meir å finna i fysisk butikk.  Om sommaren sel me kaffi og herleg økologisk is frå ISROSA i butikken på Nesflaten.  Me sel òg diverse økologiske matvarer, drikke og sjokolade/snacks.

Me reiser til Nepal ein eller to gonger i året. Der besøkjer me forhandlarar og produsentar, og me har etter kvart fått eit godt nettverk i landet. For oss er det viktig å vera i kontakt med produsentane sjølve. Me ynskjer rettferd og kvalitet i produksjon og handel, og me orienterer oss ved sjølvsyn på produksjonsnivå.

Når ein blir kjent med folk, fører det gjerne til at ein involverer seg i deira kvardag. Me har støtta/støttar ulike prosjekt. 

KRAFTVERK

Mannen min er ingeniør og bonde, og han har støtta bygging av eit lite kraftverk som no gjev straum til 602 hustandar i ei veglaus bygd i Khotang distrikt.

Dette kraftverket produserer straum nok til 602 husstandar, dvs dei får ljospæra, og dei kan lada mobilane, billige frå Kina, og i eitt hus såg eg at dei hadde vasskokar. Elles blir all mat kokt på gruva på golvet, i rom utan røykavsug. Men ljospære på kjøkkenet gjer ein stor skilnad for folk.

Ei anna bygd me besøkjer kvart år, har han hjelpt så dei har fått fram straum. Det er i Sankhuwasabha distrikt, nordaust i Nepal.  Ein fantastisk stad å koma til. :-)


SKULE

Eg har vore lærar i 30 år, og eg interesserer meg for skule og utdanning. Vegen til god samfunnsutvikling går gjennom opplæring. Og me må begynna med dei minste. Så me har engasjert oss for ein barneskule i Charikot, Dolakha distrikt. Saman med våre sponsorar har me gjort ein stor forskjell både for elevar og lærarar på denne skulen. Her er ingen administrasjonsutgifter. Dei pengane som kjem inn på skulekontoen, går direkte til Nepal, men no mest til ein annan skule, sjå under.

Det siste me hjelpte til med i Charikot, var å finna og formidla kontakt med ein pensjonert lærar frå England. Han reiste for å halda lærarkurs på denne skulen. Det kosta ikkje pengar for vår del, berre engasjement og tid. :-) Kjekt å få takkebrev etter at han hadde vore der i 6 veker, januar-februar 2020. Alle var nøgde og synest at opphaldet hans svarte til forventningane. Så dei på skulen vil gjerne ha besøk av fleire. 

Hovudprosjektet vårt no er å utvikla skulen i Badel, ei bygd i distriktet Khotang. Det gjer me i laga med Arati Shresta. Ho har fått lærarkurs på ECEC, ein god organisasjon i Katmandu som utdannar lærarar og held kurs ute på skular. Ho er også godkjent ICDP-rettleiar, og no held ho på med mastergrad i rektorutdanning på universitetet i Katmandu. Frå før har ho bachelor i økonomi og administrasjon og mange års arbeiderfaring innan handel og produksjon. Ho er sentral i dei fleste av våre prosjekt. Mange her i Suldal har treft henne, for ho var her og arbeidde i butikken min i 6 mnd i 2017.  Ho var ansvarleg for fair trade-godkjenning av den bedrifta der ho i mange år arbeidde med eksport m.m., så ho er god å ha med på bedriftsbesøk i Nepal.

Me skal  arrangerera foreldre- og lærarkurs på denne skulen som ligg i eit distrikt der skulen står veldig svakt. Kurset skulle etter planen vera nå i april, men korona sette ein stoppar for det i denne omgang. Dette prosjektet er støtta av Nesflaten skule som hadde innsamlingsaksjon i februar 2020. I skrivande stund er det usikkert, der som her, kva tid livet normaliserer seg, men kurs m.m. blir det, før eller sidan. Me har god kontakt med folk i bygda, og bortsett frå at skulen er stengd, går livet der meir og mindre sin vande gang i koronatida. Det vil seia arbeid frå morgon og kveld for ungar og vaksne. Men dei fattige i Katmandu slit fælt no. Der er det store problem når dei ikkje får arbeida. Då har dei heller ikkje pengar til å kjøpa mat for. Det er alltid dei fattigaste som lid mest.

Skulen i Badel ligg til venstre i biletet her. Der er 132 elevar frå førskule til 10.klasse. Dei elevane som bur lengst vekke, har 1,5 time å gå til skulen, morgon og ettermiddag.

HELSESTASJON

I dette same området finst det ein helsestasjon, eit lite sjukehus med fødestova, som me har støtta. Nepalteppe, leia av Rita Østevik leverer handstrikka teppe og bleier som blir delte ut til kvinner som kjem hit for å fø. Me organiserer transport og ser til at alt kjem fram dit det skal. Det er populære gåver og viktige for sjukehuset mellom anna for å få kvinner som bur langt vekke, til å koma hit for å fø. Alternativet er å fø heime, og der har dei lite å hjelpa seg med, heller ikkje ei utdanna erfaren jordmor som dei får på fødestova. Me har støtta arbeidet rundt dette sjukehuset frå starten av for 10 år sidan. Det dei trengte då me besøkte dei hausten 2019, var vaskemaskin med tørketrommel, så det kjøpte me til dei. Fram til nå har dei vaska alle klede for hand og særleg om vinteren har det vore vanskeleg å få tørka kleda. Dei var svært takknemlege for å få gåva levert på staden, så det var berre å kopla til å setja i gang. Dei har hatt straum i omådet i 5-6 år, så det er mykje som skjer på kort tid no.

Blomakransane syner stor takksemd til dei som kom med vaskemaskina. ARATI Shresta er ho i mditen med alle blomakransane. Ho er med på det meste av det me gjer. Me må laga eit eige oppslag om henne, for ho fortener takk og pris for sitt store engasjement.

Mor med nyfødd barn som har fått godt teppe frå "Nepalteppe" i Breim. Tusen takk til alle damene som spøtar!

KYRKJE

I Para, ei bygd eit stykke frå skulen i Badel, støttar me ein kyrkjelyd som har vakse kraftig sidan fyrste gong me var der. Dei treng ny kyrkje. Men desse fattige bøndene har så vidt nok pengar til å brødfø familiane sine. Dei kan bidra med dugnadsarbeid, men å kjøpa utstyr og materiale var eit svært langsiktig prosjekt. Etter å ha besøkt dei over fleire år, er det fint å kunna hjelpa. Me betalar for byggevarer og dei sjølve byggjer. Desse bileta er frå 25.april 2020.

 

 

ULLKLEDE frå NØSTEBARN

Hausten 2012, 2014 og særleg 2015 fekk me med ein masse ullklede frå Nøstebarn som me delte ut til ungar på skulen i Charikot, og i 2015/-16 til mange fleire. De kom godt med, for her er kaldt om vinteren. Tusen takk til Nøstebarn og til dei som var med og frakta alle dei gode kleda!  Når me har kome tilbake etter nokre år, ser me framleis barn i klede frå Nøstebarn.

 

STRIKKEGRUPPE

Hausten 2012 starta me i lag med Inger Sofie Slåtto ei strikkegruppe for fattige kvinner, Charikot knitting group. Starten var god. Me fekk fort bestilling på ullhuver. Om kvinner får arbeid, får familiane deira ein litt betre kvardag. Seinare har dei vore opptekne med å strikka sokkar, huver og genserar som me og våre hjelparar har kjøpt og gjeve til fattige ungar i området.  Leiaren for gruppa har starta sin eigen butikk der ho sel garn og andre varer. Ei anna organiserer strikking når me får bestillingar.  Me ynskjer fleire bestillingar på strikka plagg - ta kontakt for å høyra meir. Mob. 400 92 745

DIVERSE hjelpetiltak

Eg kan ikkje nemna alle, for i løpet av åra me har reist til Nepal, har me treft mange menneske, og me har vore med på mykje. Men eg vil fortelja at me held to gutar på internatskule, og me skal følgja dei ut vidaregåande skule, så dei kan få arbeid og klara seg sjølve. Me har to faste sponsorar og tek elles i mot det me får av støtte i ulike samanhengar. Me har ein konto i Noreg og ein i  Nepal berre for desse. Det er Arati som går på foreldremøte og organiserer alt for gutane. Då dei stengde skulen nå i koronatida, og foreldra var heilt fordufta, sende ho gutane til svigerfamilien i Khotang. Der er dei med i det daglege arbeidet på garden og har det godt. Ingen veit kva som hadde hendt dei om dei ikkje hadde blitt tekne hand om av oss, men me trur dei hadde enda som gategutar med stor fare for å bli utnytta på ulikt vis.

Når folk blir sjuke i Nepal, kostar det pengar, og det er pengar som dei gjerne ikkje har. Me har hjelpt forskjellige som har vore svært takknemlege. Poenget er eigentleg ikkje her å visa alt me gjer. Poenget er at handel i min butikk, fører med seg så mykje. Me hadde ikkje reist så mykje og ikkje treft så mykje folk om det ikkje hadde vore for butikken. Aktivitet fører til meir aktivitet. Takk til alle som handlar! :-)

Import frå fleire land

All verdas, slik namnet seier, importerer også varer frå andre land. Me får m.a. fantastisk fine korger frå Ghana, heilt spesiell fin keramikk frå Sør-Afrika og nydeleg broderi frå Madagaskar. 
Keramikk-produsentane våre i Sør-Afrika lagar fantastiske ting, for hand alt saman. For å sjå alt me har, må de koma i fysisk butikk, for det er unike ting og mykje arbeid å ta bilete av kvart produkt og dessutan er det mykje arbeid å pakka og senda keramikk. Men eg gjer det om nokon vil ha. :-)

 

Korleis var starten på All verdas gåver og bruksting?

Det starta med Tjerand sin butikk, ei ungdomsbedrift, som seinare har blitt til ALL VERDAs gåver og bruksting. Tjerand, hadde ein lærar som hadde budd 10 år i Nepal, og gjennom henne fekk han ideen om å kjøpa og selja varer frå Nepal. Mor Wenche var lærar for Tjerand sin klasse då han hadde bedrift som valfag i ungdomsskulen. Då Tjerand flytte heimanfrå for å ta utdanning, kunne han ikkje halda fram med butikken. Då hadde mor ikkje noko val. Ho kunne ikkje seia til dei i Nepal at det var slutt med handelen. Om Tjerand sin butikk var liten, var han viktig for dei i Nepal. Mor Wenche tok over butikken og etter eit langt lærarliv, er det no butikk på heiltid.

Les om Tjerand sin butikk på ABC nyheter her: Klikk her

Her er ein artikkel om Wenche sin butikk ALL VERDAS  frå Suldalsposten, nov. 2012: Klikk her

Her er ein artikkel om ALL VERDAS, i Magasinet FRI, juni 2013  side 1, side 2.

Her er ein artikkel om Wenche sin nettbutikk på nynorsk frå Framtida.no: http://www.framtida.no/articles/vil-selje-klede-ikkje-klar#.U2j-bVf82yE

Her er ein reportasje om ALL VERDAS gåver og bruksting, frå Nationen, april 2014.  Klikk her 

Her er ein artikkel "Etikk i handlekorga". ALL VERDAS markerer Verdas Fair trade-dag, Suldalsposten, mai 2014. Klikk her.  Les heile artikkelen her, s.7  Klikk her

ALL VERDAS reiser på marknader og messer. Etnemarknaden (eg har stand inne i hallen) og Dyrsku´n i Seljord (eg er i Ridehallen, inne) er dei største.  Ryfylkedagane og Røldalsmarknaden er dei næraste.  Der er mange gilde folk på marknadar. Veldig kjekt er det og med hyggelege og hjelpsame  medutstillarar. Sjå her: http://karmsundavis.no/2013/08/01/etnemarknaden-i-full-gang/

Suldal kommune er Fairtrade-kommune. Her er ein filmsnutt frå eit nettverksmøte med representantar frå alle fair trade-kommunane i Rogaland, hausten 2013. Klikk her

Den 2. laurdagen i mai har me i fleire år arrangert MAI-dag her på Nesflaten. Då har me markert Verdas fair trade-dag med høgtideleg opning av ordføraren, handel og vandel, aktivitetar og god mat. 

Av familiære grunnar, det vil m.a. seia at me er blitt besteforeldre til ungar som ikkje bur i nærområdet, må me omorganisera  oss, for me må reisa på besøk på nokre viktige dagar. Nå markerer me Verdas Fair trade-dag på enklare vis. FAIR TRADE er framleis ein berebjelke i All verdas. Det er SVÆRT VIKTIG å støtta opp om rørsla, for det er gjennom etterspørsel at produsentar innretter seg etter dei gode prinsippa som FAIR TRADE krev. Takk til alle som spør etter og handlar Fair trade-produkt!

Biletet under er frå MAI-dagen 2016.