Fin og praktisk veske når du skal ha med spøt, ekstra sko, nistepakke, vassflaske og/eller andre nødvendige småting. Fin jobb-veske, klubb-veske, stelle-veske, bytur-veske - og for mange er det ganske enkelt ei handveske med plass til litt meir.
Veska er lett å bera. Hankane er akkurat passe lange til både å ha på aksla og i handa.
Veska er handvoven i 100% bomull. Bomullsfôr, to innvendige lommar med glidelås. Kan vaskast i maskin.
Mål: ca 32x32x13 cm. Fair Trade.
Solid handarbeid frå Women's Skill Development Project i Pokhara, Nepal. Rettferdig handel.