Puslespel, store og små bokstavar A-Å

Puslespel, store bokstavar og små med illustrasjonar til. A-Å.

PrisNOK135,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Eit fint puslespel med fine illustrasjonar, som vil fort bli populært. Barnet får trena koordinasjonsevna, samstundes som det lærer store og små bokstavar og bokstavlydar.

Det er 58 brikker - inkl. Æ, Ø og Å.

Mål: 36 x 28 cm.

Alder: Frå 4-5 år. 

Larsen Puslespel

  • tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
  • har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
  • har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.

Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.

Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.