Puslespel, hagefuglar

Puslespel, hagefuglar

PrisNOK139,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Puslespel med hagefuglar. Her er 36 vakre teikningar av fuglar me har i vår fauna. Nokre gonger er det to teikningarr av same art, ein for han og ein for ho, når desse er ulike. Der er namn på artane, so her er mykje å læra. Legg puslespelet i vindauga, så kan du kanskje kjenna att fuglar som fyk forbi eller som landar utanfor. 

Barnet får trena koordinasjonsevna, samstundes som det kan læra namn på mange fuglar.

Det er 69 brikker.

Mål: 36 x 28 cm.

Alder: Frå 5 år. 

Larsen Puslespel

  • tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
  • har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
  • har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.

Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.

Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.