Sjå og lær med dette historiske og illustrative puslespelet som dekker utviklinga av dinosaurar og andre dyr frå Triasperioden for over 200 millionar år sidan til vår tid, Kvartærtida. Teikningane viser forholdsvis storleik på alle artane. Me ser då kor lite mennesket er samanlikna med dei største dinosaurane, og me ser korleis nye artar har kome og gått gjennom tidene. Me ser også kor lenge det levde dinosaurar, og kor forholdsvis kort tid det har levd menneske på jorda. 1 million år er 1,6 mm på puslespelet, langs diagonalen frå nedst i venstre hjørne til øvst i høgre hjørne. Det står namn på alle tidsepokar og artar. Ein del av brikkene er skorne ut langs konturane i bildet, og puslespelet med 85 brikker passar best for eldre barn og vaksne.
Barnet får trena koordinasjonsevna, samstundes som det lærer historie.
Dette puslespelet har 85 brikker.
Mål: 36 x 28 cm.
Alder: Frå 7-8 -9 år.
Larsen Puslespel
- tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
- har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
- har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.
Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.
Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.