Når Terry Tyrannosaurus går til åtak, skjelv landskapet og alle blir redde. Den sinte tyrannosaurusen leitar etter lunsj, men vil han finna nojko? Vil han vera med Pliosaurus for å eta nokre små fisk? Eller er det dei stakkars planteetarane som blir hans neste måltid? Mens ein Triceratops listar seg engsteleg forbi har noko fanga merksemda til ein iguandon. Klarer du å gjetta kva det er? Dette kreative puslespelet har 57 brikker med former som ei and, ein okse, ein hane, ein ulv, ei flaggermus og ein fisk. Brikkene med dei ulike formene, er med på å skjerpa minnet og dei spielar ei viktig rolle for hand og auge-koordinasjon. Med rett under 60 brikker passar dette puslespelet kanskje best for litt eldre barn.
Barnet får trena koordinasjonsevna, samstundes som det lærer historie.
Dette puslespelet har 57 brikker.
Mål: 36 x 28 cm.
Alder: Frå 5-6 år. Det kjem an på kor mykje barnet har puslar.
Larsen Puslespel
- tyder kvalitet, laga av kraftig kartong. Brikkene er gode å ta i og dei vil ikkje brekka eller bøya seg.
- har tal på brikker som er tilpassa alderen på dei puslespelet er laga for.
- har fast ramme og plate under brikkene. Det gjer det lettare å pusla. Vel heller eit lett puslespel som borna kan pusla mange gonger, enn eit vanskeleg som dei kan gje opp.
Barnet vil etter kvart kjenna igjen forma på ulike brikker, og dei vil hugsa kor brikkene skal liggja. Ved å læra å kjenna igjen former på puslespellbrikker, vil barnet også lettare læra å kjenna igjen andre former, som bokstavar og ord når dei les.
Gjennom å pusla øver barnet finmotorikk, pinsettgrep, form- og fargeattkjennig, hand-auge-koordinasjon, konsentrasjon og avslapping.