Halvfingervottar, torgvanter

Vottar, halv finger, ull, med god og lang vrangbord.

PrisNOK320,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Herlege vottar, halv finger, 100 % ull, veldig gode på omleden. I det heile veldig god kvalitet på desse.

Dette er leirskulelærarane sine favorittvottar. Dei er sterke, og dei tøver seg akkurat passe i bruk. Ein leirskulelærar i 100% stilling, som brukar dei kvar dag på jobb, treng bortimot 2 par på ei vintersesong. 

Storleik: dei fleste eg har inne no, passar best for alminnelege mannfolkhender. Nokre passar for vanlege kvinnehender. Skriv i kommentarfeltet kva du ønskjer, så tek eg kontakt om eg ikkje har inne dei du vil ha. 

Farge: skriv ønska farge i kommentarfelt, så får du den viss eg har den. Viss ikkje får du ein annan mørk farge.

Strikka for hand i Nepal. Fair trade.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.