Caps, skyggehuva eller brothuva, som me seier her i Suldal. Laga av nesle, handspunne garn og vove for hand. Fôr i fronten.
Denne brothuva blir fort ein favoritt.
Storleik: passar til (nesten) alle, kan regulerast bak.
Kan vaskast.
Neslestoffet er laga i ein veglaus landsby i Nepal. Husflidsarbeid - ei viktig attåtnæring på gardane i området der neslen veks.