Skål, lita, 14 cm, 1-4

Skål fra Potters, handlaga i Sør-Afrika, dessertskål

PrisNOK275,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne vesle skåla er perfekt som dessertskål.  Ho er også perfekt som taco-skål, anten det er saus eller grønsaker av ulik sort.  Dette er også finfin skål til syltetøy, godteri, småkaker  m.m.   Ho kan òg berre stå til pynt, for skåla er ein lekker liten kunstgjenstand i seg sjølv.

Handlaga i Sør-Afrika.

Mål: 14 cm (diameter oppe) x 5 cm (h)

Pottersworks held til utanfor Cape Town i Sør-Afrika. Dei lagar ei lang rekke ulike koppar, mugger, skåler, fat m.m. Det er handarbeid frå leire til ferdig produkt. Kvar ting er måla for hand av talentfulle handverkarar. Når eg bestiller, seier eg noko om stil og fargar, og så er det opp til kunsthandverkaren korleis han vil laga det. Eg kan og vera meir detaljert og t.d. bestilla ein kopi av eitt eller anna slag. Men eg har dei beste stundene når eg pakkar opp utan at eg har vore for spesifikk i mine ynske.

Me har besøkt bedrifta, og då me overnatta heime hjå Chris, som har grunnlagt og utvikla bedrifta, var det som å bu i ei kunstutsilling. Ho er Sør-afrikanar med røter frå England, og det var også i England ho tok kunstutdanning. Men dragniga mot fødelandet Sør-Afrika var sterk, så ho reiste tilbake dit og har bygd opp ei flott bedrift. Der er stor arbeidsløyse i Sør-Afrika, særleg mellom dei svarte. Potterswork sysselset over 20 personar og folk held godt på jobbane sine, for bedrifta har gode arbeidsvilkår.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.