Fugl, utskoren i tre, gråsisik

Gråsisik, fugleart i finkefamilien.

PrisNOK265,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Frå Wikipedia

Gråsisik (Carduelis flammea) er ein fugl i finkefamilien. Arten er delt i fire underartar. To av desse, C. f. flammea og C. f. cabaret, hekkar i Noreg.

Utsjånad

Fuglen er liten, 13 cm. Han er gråleg eller brunleg, men er raud på hovudet og har ein svart hakelapp.

Levemåte

Gråsiskflokk

Mange gråsisikar overvintrar i Noreg. Om vinteren dukkar han gjerne opp på foringsplassen. Ein del er trekkfuglar som reiser i oktober-november.

Gråsisik lever av frø, gjerne frå bjørk.

Hekking

Gråsisik hekkar gjerne i bjørkebeltet. Reiret vert ofte bygd i bjørk, men fuglen brukar òg andre tresortar. Han kan dessutan leggja reiret rett på bakken.

I fjelltrakter skjer egglegginga vanlegvis i juni, men tidspunktet varierer.

Begge dei norske underartane hekkar i lause koloniar. Populasjonen i Skandinavia gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vera relatert til klimaendringar. [1]

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.