Såpehaldar med magnet

Super såpehaldar som held såpestykket heilt tørt, utan søl.

PrisNOK129,00 inkl. mva.
På lager

Produktinfo

Korleis kan ein halda såpestykket tørt, og benken rein for såpedrypp?

Her er All verdas svar på dette spørsmålet:

Bruk såpehaldar, sugekopp med magnet, og plasser han i vasken, på kanten ein stad. Press korken inn i såpestykket og sett såpa på magneten. Der heng ho støtt, og vatnet, som alltid vil renna frå ei våt såpe, dryp ned i vasken. Ingen såperestar i ei skål el.l.  og såpa held seg tørr og fin mellom kvar gong ho blir brukt.

Særleg dei handlaga såpene, med berre naturlege ingrediensar, kan flyta ut om dei blir liggjande i ein halvvåt såpekopp. Men her er løysinga - med denne såpehaldaren, held såpa seg lenger og betre enn i vanlege såpekoppar.

Er såpestykka blitt farlegare smitteberarar nå enn før? Nei, slett ikkje, såpa reingjer framleis. :-)