Når er boka om Nenad Ignjatic her - med Nenad sin kunst, Maria Klungtveit si forteljing og Torkel Myklebust sine korte tekstar - formgjeve av Ivar Oftedal. Desse fire fine folka har funne i lag i Suldal, og dei byr oss opp - til ettertanke og takksemd. Det er blitt ei bok ein tek varsamt i - ho er så vakker, så djup, så rørande.
Bruer og båtar er motiv som går igjen hjå Nenad. Me treng bruer for å nå fram til einannan, me seglar alle i meir og mindre smult farvatn. Me treng trygg hamn når det bles opp. Bodskapen er universell.
Om ynskjeleg kan du få bka signert. Eg kan òg senda boka som gåve med helsing i, direkte til den som skal ha henne, så blir det berre ein stk porto: 79 kr.
NENAD, Utg. 2023
Klungtveit forlag, ISBN978-82-693405-0-1
Mål: 29 x 24 cm
107 sider
Målform: nynorsk