Simon og Prinsegut, flunkande ny biletbok, nov. 2025, som passar veldig godt til høgtlesing. Ei historie som innbyr born og vaksne i lag til undring, lått og løye. Boka eignar seg òg til ungar som no kan lesa sjølv. Forteljinga går på rim, i korte linjer, korte vers. God storleik på bokstavane. Gjennom lesing får barnet utvida ordtilfang, og her er det mange gode ord å ta med seg i språkutviklinga.
Nenad Ignjatic har illustrert, Ingvar Olimstad har skrive teksten, og formgjevar er Ivar Oftedal. Utgjevar er Suldal Mållag. For eit lag! Berre det beste er godt nok!
- Innbunden, 20 sider, 27 x 21 cm
- Utgjeven år : 2025, Suldal mållag
- Språk: Nynorsk
- Alder: ca. 3-8 år
- ISBN: 978-82-996124-5-6
Føreord i boka er skrive av Anne Mo, Biblioteksjef og flink formidlar av barnelitteratur:
Det kan aldri bli nok bøker! Det er alltid kjekt å få ei ny biletbok mellom hendene. I biletboka får barna sjølve direkte tilgang til kunst av høg kvalitet. Gjennom bileta kan dei dikta si eiga historie eller bruka dei som knaggar til den teksten som alt står i boka. Slik kan dei «lesa» boka aleine når dei har blitt lesne for nokre gonger.
Å bli lest for og med, skaper band mellom barnet og den vaksne og styrkjer språkutviklinga. Eit leikande språk med tulleord og tullenamn, rim og rytme har ein særskild appell til små barn som frå fødselen av tileignar seg språk nettopp gjennom lydmønster og melodiar.
I boka om Simon og Prinsegut blir også verda, slik me kjenner henne, snudd på hovudet. Slike karnevalistiske vendingar har både barn og vaksne fryda seg over til alle tider.
Den gode biletboka er eit ekte kinderegg som gir estetiske opplevingar, utviklar språket og skaper leiketrong og kreativitet.
God lesing og leik!
Anne Mo