Julekrybbe i tre, svensk design.

Julekrybbe i 12 deler, sjå begge bileta.

PrisNOK598,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Julekrybbe, enkel, stilisert, frå Sverige. Det eine biletet syner stallen, Maria, Josef, Jesusbarnet og tre kongar. Det andre biletet syner gjetar med tre sauer, tilsaman 12 deler.

Dette er ei krubbe som barn gjerne kan få leika med. Trefigurane tåler å bli flytta rundt. Ein kan og gjerne laga til eit landskap rundt krubba, med mose og steinar osv.

 Mål: stallen er 32 x 18 cm lang.

 

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom,

eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja!

Men okse der og asen stod,

og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Tre kongar kom frå Austerland,

frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

Han boren er forutan mann,

forutan mann,
og av Maria føddest han.
Halleluja, halleluja!

Han sjølv, som er Guds eige Ord,

Guds eige ord,
han kom i kjøt og vart vår bror.
Halleluja, halleluja!

Ein gong vi vert vår Herre lik,

vår Herre lik.
Han leier oss til himmelrik.
Halleluja, halleluja!

For denne glade joletid
,
for joletid,
me lovar Gud, vår Herre blid.
Halleluja, halleluja!

Treeinig Gud, vi lovar deg,

vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja.

Lov takk og pris i æva all,
i æva all.
Treeinig Gud, det vera skal.

Halleluja, halleluja.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.