Korg med lange hankar, ca. 34 cm. Korga har flat botn. Skinnreim til å kneppa igjen på midten med.
Mål: ca. 28 cm høg. Ingen korger er heilt like. Viss korga blir klemt og kjem ut av fasong, kan du væta henne og forma henne slik du vil ha henne.
Korga er fin til å ha handarbeid i, men og fin som handveske med god plass.
Korgene kjem frå Bolgatanga-området nord i Ghana. Handlaga av elefantgras.
Ta gjerne direkte kontakt om du vil ha ei korg.