Ull/silke, 50/50, blå

Klassikar. Ullsjal, noko alle må ha i garderoben. Sjal, 50% ull og 50% silke, lett og mjukt.

PrisNOK1 250,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Skjerf eller sjal, 50% ull og 50% silke.  Ekte vare varer lenge.  Einsfarga, klassisk, går ikkje av moten.  Produsent er Women's weave, eit lite og godt veveri i Katmandu, med arbeidsforhold som gjev fair trade. 

Dette sjalet høyrer til basissortimentet i garderoben. Passar til mange fargar og nær sagt ved alle høve.  Det er stilfullt og klassisk. 

Til bruk året rundt. Ull og silke isolerer, både når det er kaldt og når det er varmt.

Om sommaren kan du bruka sjalet som kast over akslene, perfekt over ein sommarkjole når det kjølnar om kvelden.
Om vinteren som skjerf eller sjal, enkelt eller dobbelt, alt etter som.

Sjalet kan rullast saman og takast med. Det er lett og krøllar ikkje, og du er alltid budd for endringar i temperaturen.

Om ein vil vera forsiktig, kan ein reinsa sjalet.  Men det går og fint å vaska det i maskin på ull-program og med MILO eller tilsvarande vaskemiddel.  Sjå fanearket over her.

Mål: 75 x 200 cm

Laga i Nepal. Fair trade.




Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.