Kaffifilter, stål

Kaffifilter i rustfritt stål - veldig godt, lett og praktisk i bruk.

PrisNOK159,00 inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Med eit kaffifilter i rustfritt stål slepp du å kjøpa eingongsfilter, og du unngår å gå tom for kaffifilter ein tidleg søndagsmorgon. Du sparer både papir- og plastinnpakning samstundes som det løner seg økonomisk.

Om du komposterer kaffigruten, er filteret lett å tøma og skylja for ny bruk. Sjølv om kaffifilter av papir kan gå i komposten, blir komposten reinare utan papir.

Filteret er av veldig høg kvalitet, og det kan vara i minst tre år, med bruk 2-3 gonger dagleg.
Det er i den klassiske storleiken 4, som passar til dei fleste vanlege kaffimaskiner.

Filteret kan vaskast i oppvaskmaskin og er sjølvsagt godkjent til matvarekontakt etter  EU sine reglar.

Emballasjen er av resirkulerbar papp og utan nokon form for plast.

Avfallshandtering: sorter som metall, 98% gjenbrukbart.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.