Såpeskål med magnet, rund

Super såpeskål som held såpestykke heilt tørre, utan søl.

PrisNOK139,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Korleis kan ein halda såpestykket tørt, og benken rein for såpedrypp?

Her er All verdas svar på dette spørsmålet:

Bruk såpeskål med magnet. Me har designa og fått laga såpeskåla i Nepal, magneten er limt på med lim som tåler vatn m.m., og korken til å setja i såpa, verkar som han skal.  Nå presenterer me verdsnyheita, trur me då  :-), såpeskål i kjeramikk med magnet og såpekork.

Press korken inn i såpestykket og sett såpa på magneten. Der ligg ho støtt og vatnet, som alltid vil renna frå ei våt såpe, dryp ned på skåla. Gjer skåla rein under rennande vatn sånn dann og vann, når det trengst. Ingen såperestar på benken og såpa held seg tørr og fin mellom kvar gong ho blir brukt.

Særleg dei heimelaga såpene, med berre naturlege ingrediensar, kan flyta ut om dei blir liggjande i ein halvvåt såpekopp. Men her er løysinga - med denne såpeskåla, held såpa seg lenger og betre enn i vanlege såpekoppar.

Er såpestykka blitt farlegare smitteberarar nå enn før. Nei, såpa reingjer framleis. :-)

Mål: 10 cm i diameter

Fair trade frå Nepal.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.