Denne handsmidde nøkkelringen i form av ein frosk passar for deg som likar froskar og for deg som er oppteken av artsmangfald i naturen. Dessutan for deg som vil ha ein fin og praktisk nøkkelring.
Padde eller frosk — kva er forskjellen?
Korleis kan du sjå forskjell på ei padda og ein frosk? Dei fleste padder har breiare, flatare kropp og mørkare, tørrare hud enn dei fleste froskar. Padder er vanlegvis dekka av vorter, mens froskar har glatt hud. Vaksne padder oppsøkjer vatn berre for å yngla, elles held dei seg på land. Froskar held seg vanlegvis i nærleiken av vatn, klare til å hoppa uti når dei høyrer at du kjem. Dei fleste froskar har tenner i overkjeven, mens paddene er tannlause. Både froskar og padder svel byttet sitt heilt.
I Noreg har me tre froskeartar: Buttsnutefrosk, den vanlegaste arten, spissnutefrosk, som er raudlista som nær truga, og damfrosk som er ein kritisk truga art. Dei to fyrste er brune, mens damfrosken er grøn.
Buttsnutefrosken lever stort sett på land, men søkjer mot vatn i april–mai, når tida er inne for å finna seg ein make og leggja egg i ein dam.
Årets nyklekte froskar forlet dammen i juli–august, og kjem ikkje tilbake til dammen der dei er fødde, før dei skal produsera ein ny generasjon buttsnutefroskar.
Buttsnutefrosken jaktar om natta, og et mellom anna mark,
sneglar og insektlarvar. Om dagen søkjer han til fuktige
stader i terrenget for å hindra uttørking og for å unngå
fiendar. Om vinteren ligg han i dvale.