Elefantfot, krakk, puff eller noko slikt, til å sitja på, laga av elefantgras.
Veldig god til å hukja seg nedpå, anten i ein gang når ein skal knyta skorne, i stova når ein skal fyra i omnen, attemed salongbordet når ein treng ein ekstra sitjeplass eller kor som helst. Elefantgraset veks der det er elefantar, og desse blir laga sør i Nepal, i den lågtliggjande delen av landet.
Handlaga og fair trade frå Nepal.