Deodorant, krystall

Krystall-deodorant, effektiv og dryg.

NOK149,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Krystall-deodorant. Ikkje tilsett parfyme. Etterlet ikkje flekkar på kleda.

Krystalldeodoranten gir deg opptil 24 timars vern mot uønska kroppslukt. Krystalldeodoranten er laga av naturlege mineralsalt frå Thailand. Krystallane nøytraliserer svettelukt. Deodoranten er spesielt eigna for deg som har sensitiv hud.

Effektivt vern heilt utan aluminiumklorid, oljer, parfyme, emulgerings-middel eller anna som kan tetta igjen porene, laga flekkar på kleda eller irritera huda. Krystallsteinen består hovudsakeleg av mineralsaltet kalium-alun (Potassium alum), som tek hand om dei luktframkallande bakteriane, for eksempel i armhola.

Korleis verkar han? Krystallane løyser seg opp i vatn, så deodoraten verkar når du fuktar han i vatn. Gjer det slik: Fukt deodoranten under rennande vatn eller berre ikkje tørk huda etter vask, stryk på deodoranten. Det er lurt å tørka raskt av deodoranten med ein klut etter bruk, for då stoppar krystalliseringa med ein gong.

Butikkinnehavar er fornøgd: Deodoranten varer lenge. Eg har brukt min i eitt år no, og han har berre minka med kanskje 2/3 eller 1/4 på storleik, så dette er den drygaste deodoranten eg har hatt. Det eg likar aller mest med han, er at han faktisk hindrar svettelukt, og det blir ingen merke på kleda. Så mine ulltrøyer held seg like fine, og eg vaskar dei sjeldnare enn før.

140g

Merke: Stone Soap Spa

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.