Fugl, utskoren i tre, stjertmeis

Stjertmeis, Aegithalos caudatus, ein liten og rund fugl med ein svært lang stjert. 7–9 gram og er ein av Europas minste artar i kroppsvolum.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Stjertmeis, Aegithalos caudatus, ein liten og rund fugl med ein svært lang stjert.  7–9 gram og er ein av Europas minste artar i kroppsvolum.

Miljølære.no skriv:

Stjertmeisa finst i rike løvskogområde i Sør-Noreg. Lenger nord blir han meir fåtalig, og ganske sjeldan i Finnmark.

I år etter milde vintrar og invasjonar finn me flest hekkande par i landet. Variasjonen frå år til år kan variera mykje, frå 5000 par i dårlege år til 20 000 i gode år (Norsk Fugleatlas 1994). Under ein invasjon om hausten kan arten vera talrik over store delar av landet. Desse fuglane stammar truleg frå område aust for oss. Dei norske hekkefuglane vandrar stort sett ikkje langt.

Om vinteren held arten saman i flokkar. Når det nærmar seg hekkesesong i april har flokkane alt delt seg opp i par, og reirbygging og egglegging kan starta. Når ungane blir klekte kan ein av og til sjå at andre fuglar enn bare foreldra matar dei små. Dei “framande” fuglane er gjerne andre hekkefuglar i nærområdet som har feila inneverande sesong, eller det er slektningar av dei ekte foreldra (eller begge delar).

Stjertmeisa er stort sett ein insektetar både vinter og sommar, og er derfor ikkje så vanleg å få som gjest på fôringsplassar. Om ein heng ut spekk eller talgboller kan ein likevel få besøk av denne fornøyelege krabaten.

Engelsk navn: Long-tailed Tit

Les meir interessant om stjertmeisa her:  https://snl.no/stjertmeis

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.