SLEK E DE, PUSI
Føreord
Dei norske dialektane er i stadig utvikling. Mange eldre ord og uttrykk går i gløymeboka og vert bytte ut. Slik er det også her i Suldal. Men det finst mange som framleis brukar den gamle Suldals-dialekten både i tale og skrift. Ein av dei er Olav Eriksson Nerheim. Derfor fekk han Målprisen av Suldal mållag i 2019. I grunngjevinga heitte det mellom anna:
– Han skriv eit framifrå nynorsk. Gjennom sine skriverier på sosiale medium gjev han kveik og minner oss på kvifor me må ta vare på nynorsken. Kultur og natur i Suldal, liv og lagnad elles, kan til fulle og aller best, koma til uttrykk gjennom det rike, røslege og rørande språket han så meisterleg brukar.
Suldal mållag har teke på seg å gje ut eit utval av tekstane hans. På denne måten håpar me å nå endå fleire lesarar av denne ordkunstnaren.
Det var ikkje vanskeleg å velja illustratør til boka. Nenad Ignjatic, frå det tidlegare Jugoslavia, har budd over 30 år i Noreg, dei aller fleste åra på Sand i Suldal. Sjølv om mange av tekstane til Olav Nerheim nok var ei utfordring for illustratøren, har han greidd å finna kjernen i forteljingane.
Suldal mållag vil takka dei begge to for samarbeidet om boka!
Atle Ingar Vold, redaktør for boka
Olav Eriksson Nerheim (f. 1948) er oppvaksen på gard i Suldal og er no pensjonert pedagog. Då han slutta i arbeidslivet, vart gåturar tidleg om morgonane ein viktig og fast rytme i kvardagen. Tankane han då gjorde seg, skreiv han ofte ned og delte på Facebook der han fekk mange følgjarar. I denne boka har me samla eit utval av desse tekstane.
Nenad Ignjatic (f. 1962) er nå busett på Sand i Suldal kommune. Han kom hit som flyktning frå tidlegare Jugoslavia, nå Bosnia-Hercegovina, Zenica. Han er både grafisk designar, biletkunstnar og illustratør. I tillegg til arbeidet som kunstnar, er han tilsett i Suldal kulturskule og Suldal frivilligsentral.
Format: Innbunden, 30x21 cm